22. mai 2008

Hyttetur! (i hagen)



Før du blir med ned i hagen må du kike på denne kaffiboksen som eg fann då me flytta inn i huset- den er såå sjarmerande!!:) Hugs å lage hol i botn så røtene slepp å vassa!



Me tuttlar bak hjørna på huset og der står malingspanna og ventar (beis..er det vel)

Der ligg den!
Eg ville ha ei leikehytte som ligna på dei gamle utedoane, dei er såå sjarmerande!




Døra er frå eit gamal løe og vindauga frå ein gamal barnehage!



Det lange vindauget er frå huset før me skifta ut alle gluggane, det sto ikkje på langs,men på tvers!(så klart) Men eg elskar å få lys og natur inn, så difor denne vrien!:)

Eg var ei slik småruta -vindu-dame før eg møtte dette huset me no bur i frå 1958.

Så i mitt hus er det mange vindauger og mykje lys! Ein kveld me hadde lagt oss høyrde eg nokon som prata utanfor. Dei var på veg heim frå fest og var noko påseila, eg høyrde dei sa "Ha! Det der huset kan du jo sjååå rett gjennom!" Og der bur me! I huset du ser rett gjennom;) Eg hadde fått angst for berre få år tilbake, men å fylgje naturens skiftande årstide så tett er berre fantastisk. Kjensla av å være inne-ute er for meg det optimale!
Så litt av det tok eg med inn i hytta.



Nabohuset til leikehytta er eit gamalt uthus, og på sikt så skal me byrje på det også. Isolere og kle. Eg har nett høgtrykkspylt og skal til å male det også ein dag! Når det ein dag står ferdig "flyttar" mor ut. Då tar ho med staffeli og symaskin, og frå den dagen veit dei kvar dei skal leite om dei ikkje finn henne!
mmmmmm! Draumar må me ha!

20. mai 2008

Hekta på hårband!


Fortide er det hårband som gjeld! Det byrja med tom konto, og at eg såg ut som eit takras på håret..... Og då måtte eg jo kamuflere det på eit vis!
Når mamsen tussla rundt med hårband ville jo andre også ha!;)
Deler "oppskrifta" med dåke! (Demonterte eit slitt eit frå h&m)
Selv "far " prosjekt!!! (unnskyld kjønnsdiskriminerande utsagn)

Eit stort stykke og to lange band til knytting (vrangsyast og vendast)



Legg inn kantane på det store stykket (etter du har kasta over!)




Rynkesaum i kvar ende!


Putt mittstykket inni endane!
"Vola!!"

Materialbruk: Gamle gardiner,gamle sengklede og gamle dukar!;)
-sååå klart!



Og skal ein ut å lufte seg i bunaden må ein ha noko som passar! Så ei lin brikke frå Fretex
kanta med blondener frå ein annan Fretexduk!





LUKKE TIL!!!
-til deg eller ein liten pakkisang!






19. mai 2008

"Tog du an"????





Eg har blitt utfordra! Av dans på roser!


Mannen ler her han slanger sofaen med meg, "Alt dei drive med i denne Bloggverda"...han er vel inne på noko, men morro er det nå lell, såå eg lar det stå til!


kva 3 navn går du under?
kåno,mamma og tante....


Nevn 3 ting som skremmer deg: Global oppvarming! Krig! (Tom konto...)


Det siste fekk eg eigentleg ikkje lov å skriva- kontrastane vart for store, men det er sant...



3 ting du ofte har på deg, helst bruker: Cardigan (helst ull!!) Maskara!
Og såklart eit plagg frå fretex! ;)


3 sannheter om deg selv: .....likar å smette inn ein kommentar! Helst ein med snert i! ;)Omsorgsfull-hønemor og skikkeleg B-menneske!


Nevn 3 ting du virkelig ønsker deg: Som dans på roser må eg sei: At de skal gå ungane mine godt! At me klarar å gi dei god ballast! Meir laaaaaangsom tid! Huset mitt i hagen...at det skal bli ferdig...at eg kan flytte inn der med staffeli og symaskin!;)
Kvifor var det berre 3 ting her??? Denne lista kunne jo vore ei mil!



Sender utfordringen videre til desse friske damene: Fru. Vims Mali-mo og Marie
Sååå då gjennstår det å sjå om dei tar den!






Og i same slengen deler eg vidare den kreative Advarden:








Når ein surfar rundt i Blogglandia ser ein att denne har spredd seg som ild i tørt gras (alle vel fortent!), men Marie har ikkje fått den og det skal ho få for kreativt gjennbruk!!!:)







17. mai 2008

Og så var dagen over!

Dagen starta før mor hadde komt seg opp av senga. Alt låg klart i stova og bertene hadde då kledd seg sjølv!! Så...då vart det pyamas og bunad!

Men kven har sagt at ein ikkje kan svinge flagg i bunad og pyamas?? Det går tilogmed fint om den er bak-fram!!



Berre lekkert!!

Bunadskjorte??? Måååååå me ha det????

Typisk vellykka forsøk på å samle troppene!!





17. maier jeg så gla' i,moro jeg har fra morgen til kveld!
Da er det så du,om vi er små du,er vi med likevel.
Jeg roper hurra dagen så lang,synger for Norge mangen en sang.
Og jeg, jeg kan du elske mitt land du,det skal du se en gang.


pssst! Det er i grunnen godt med alt som er gjort;)



16. mai 2008

GOD 17 MAI!!!!

Hulla! Hulla!
Klar for den store dagen!!




Nesten.....fleire som må stryke skjorter???


Gjennbruk! Denne bunaden sydde eg til størsten når ho var to,
no skal mitten bruke den- ho er fem! Den har blitt sydd opp og ned og att og fram!
For å få forklede langt nok har eg no sett inn litt hardangersaum (mellomverk?) funne på Fretex!

Ynskjer alle der ute ein strååålande dag! Og så lenge kleda er i boks får me lette beina høgt over alt som ligg og flyt rundt omkring! -Blomar er triks! Då kan ein fokusere på dei i staden for på rot og kaos ;)
Hulla hulla!

14. mai 2008

Andre byggetrinn klart!

I fjor sumar gjorde me noko som eg syns var kjempelurt!
Men eg var litt usikker på om eg var heilt sprø...
Me inviterte til århundrets bursdagsfeiring og ba gjestene ta med seg hammar!!
På førehand hadde me teikna og dilla lenge med heimesnikkra "arkitekt" teikningar! Helga før sendte mannen meg ei biletmelding der han kry fortalde at han og ungane hadde laga ein modell av det som skulle bli leikehytte! Engasjerte var me alle mann!(eller hugsa eg feil?? Det kan godt væra at det var eg som var mest gira;) )

Invitasjonane vart sendt ut! Eg var litt usikker på om eg måtte advare på førehand, men svogeren min synest dette var ein god ide! (Han er veldig grei altså!!) så eg lot det bli ei overrasking!

Me sette opp eit partytelt i hagen der det var kaker og kaffi!
Fundamentet vart laga kvelden før, material kjøpte inn,kappa og merka! (ja,ja snikker-bror, merka så godt me kunne! Ingen ikea pakke,veit det!)
Dagen kom med godt humør og ungane hadde skyyyyyyhøge forventningar! Vel...dei datt fort ned, det var nok ikkje så artigt som dei hadde sett føre seg. Med ein kjekk svoger, ein god mann, ein dyktig snikkerbror og ein flott pappa gjekk det unna. Og timane også. Seint på kvelden kunne eg sette bror min på ein buss heim mange timar etter kona måtte dra. (okei, litt dårleg samvit enno!)
Og der stod den i hagen, nett slik ungane (eller mor?) hadde drøymt om!

I går vart den høgtrykkspylt og det vart kjøpt inn isolasjon, så no skal den få rester av plater og panel på veggene! Så skal den malast og innreiast- draumejobb!:)
Men først må den ...døra skikkeleg inn! Den er gamal og vakker, men den vert jo ikkje tett! Og med så mykje arbeid bak er det jo kjekkast med tett dør! (ja, da broremann- me har prøvd! "alle" har prøvd, men utan deg stoppar Norge ,du veit det!! eller er det ein snikkar i nabolaget er det berre å melda seg!)
Og dei to siste vindaugene skal på plass! Dei kjem frå ein barnehage i nærleiken som diverre skulle jamnast med jorda til fordel for ein ny. Der var me på plass og fekk med oss mange flotte vindauger heim! (for me har eit hus til i hagen, men det er eit anna kapittel!)



Byggmester Bobb og størsten sjekker fundamentet som er velproposjonert!


Snikkerbelter må ein ha! Likestilling!


Her er takstolane komen på plass (er det ikkje det det heiter?)


Og sååå endeleg kunne den første av mange festar starte!


Fleire bileter av hytta kjem!:)
Sååå GRATIS ide til dei som måtte være på denne staden i livet eller andre! Morosamt hadde me det iallefall! Vindauger/dører kan ein få gratis om ein er litt om seg!

12. mai 2008

Snart snur vinden!

Det er jo ganske greit å tenke på! Når alt er litt trått! :)
Om dagen har me tunga beint i munnen for 3 av 5 skal ha pencelin her i huset... men så er me alle ferdig til 17 mai!
Eg likar best når ting går unna og eg får gjort mykje,men alle har vel kjent kjensla når toppen og kroppen ikkje vil det same. Kaninene har fest på golvet, ungane lurer på kvifor det ikkje er klede i skapa ,og i skrivande stund går eg med sokkane for andre dag på rad... (og dette vågar eg bekjenne for heile verda....- blir sikkert bura inne av sokkepolitiet!)
Samstundes veit eg jo at "vinden må snu", kreftene vil komma tilbake, det er berre det at det er så keisamt å vente...eg har jo ikkje "tid", skulle gjort så mykje! Komoden som står og ventar halvegs måla, bilder på bestilling (kjeme snart!!!..) Eg må finne att golvet, plenen ser ut som ein jungel... brunsniglane må klippast og...............og ........

Men...snart snur vinden!



Tusen takk til alle som har lagt att kommentar, det set eg veldig pris på! Beklager at eg har vore dårleg på å legge att spor! Det vert betre:)















Når vinden snur, treff hatten stolen att då????
Kanskje kleda fyk frå vaskekjellaren og inn i skåpa!

Mmmmm!;) Gledar meg!








Sjå kva eg har fått medan eg har glimra med mitt fråvær!!

Det er veeeeeeeldig trivelegt! Og så er den så fin ,Hulda har laga den!

Eg har fått den av to fantastiske damer! FRU VIMS og MAGNYS KRINKELKROK
TUUUSEN TAKK!!!
Stikk innom dei så forstår du kvifor dei har fått denne utnemninga!

Då skal eg gi den vidare til andre kreative damer! Men då må eg kikke litt rundt først!!;)